Nordherad grendalag

-Ei aktiv grend.

Nordherad grendalag

Nordherad grendalag fyller 40 år i 2022. F.v. Kristin Akslen Hagen, styreleiar Kai Valbjør, Asbjørn Visdal og Olav Skogen. Olav var den fyrste formannen i 1982. At Stiggruppa fekk Vågå kommune sin kulturpris i 2009.

Foto: Kjell Nyhus.

I 1982 hadde Olav Skogen og Jo Kåre Bakke registrert at det vart oppstarta grendalag i Skogbygda og Skårvangen. Dette tykte dei var så god ein ide at dei ville prøve å få gjort det same i Nordherad.


Derfor fekk dei med seg tolv andre frå Nordherad som var samde om at innbyggjarane i Nordherad burde gå saman om å danne eit grendalag. I brevet som vart send ut den 5.11.1982 står det mellom anna følgjande:


Lagets oppgåve må være: Å arbeide for auke trivsel og samhold for «ALLE NORDHERINGER». Viktige oppgåver må være bl.ant anna: Opp-pussing av Midtli, delta i forskjellige samvær og aktiviteter for alle årsgrupper, arbeide for å skaffe leikeplasser for barn og betre servicetild for grenda’s innbyggere, og mykje meir….


I brevet vart det invitert til møte på Midtli søndag 14. november 1982, og denne kvelden vart grendalaget i Nordherad stifta. Olav Skogen vart fyrste formann i grendalaget, og i det fyrste styret hadde han med seg Elin Skogen, Magne Aabakken, Jo Kåre Bakke, Kjellaug Myrhaug, Kari Brenden, Knut Ryen og Ragnhild Aabakken. Alle som budde mellom Lye og Prestberget kunne bli medlem.


Kai Valbjør er styreformann i jubileumsåret. Han har med seg Asbjørn Visdal, Kristin Akslen Hagen, Mette Ragnhild Helle og Karin Mork Bakke i styret. Grendalaget har rundt 70 medlemmar.

Olav Skogen fortel at grendalaget fekk lov til å bruke det gamle skulehuset i Midtli da laget vart stifta. I 1994 overtok grendalaget eigarskapet til huset og det følgde med tre hundre tusen kroner frå kommunen til vedlikehaldsarbeid.

Olav Skogen peikar på ljosarmaturen som grendalaget arva frå Vågå kommune.Foto: Kjell Nyhus

Hakkespetten var svært plagsam for huset, og spesielt tverrveggen mot vest var full av hakkespetthol. Formannskapet i Vågå hadde gjort vedtak om å kle huset med hakkespettsikkert materiale.


Olav Skogen fortel at det mangla isolasjon i huset. Derfor fekk dei kommunen til å ta i bruk Glava isolasjonsmatter som dei hadde lagra på Folkevang, slik at huset vart isolert før platene vart festa på veggen av kommunen.

Olav Skogen kan historikken til grendahuset godt, og han mimrar om mykje dugnadsarbeid.


- Skulestyret hadde gjeve bort vassretten til huset, så i starten måtte vi bera vatn, smiler han. Med i 1987 fekk vi bora etter vatn. Det vart berre femti meter ned før det vart funne vatn, så vi kom nokså bra frå det. Da kommunen skulle skifte ljosarmatur i kommunehuset passa vi på og fekk ta over den gamle armaturen. Lampene som var her var store runde kuplar som hang ned i røyrer frå taket. Det var reine måneljoset. Det var mykje dugnadsarbeid å få dei gamle ljosarmatura på plass att her i huset, men vi var heldige som hadde elektrikar med oss i dugnadsgjengen. Det var i 1985 vi fekk ordna dette.


Olav Skogen fortel vidare at to snikkarar tok på seg som dugnadsarbeid å lage ein skikkeleg stor opning mellom dei to klasseromma, og grendalaget kjøpte foldedør som snikkarane fekk på plass. Bibliotek vart bygt om til kjøkken, og det vart bygt på nytt inngangsparti. Heile tilbygget som kom på plass i 1999 er gjort på dugnad.

Kristin Akslen Hagen fortel at grendalaget har eit bra utstyrt kjøkken til å dekke opp for om lag 80 personar. Søre Nordherad sanitetsforening kom med ei gåve på åtte tusen kroner som dei kjøpte ny oppvaskmaskin for. Kai Valbjør legg til at fleire har gjeve gåver til grendalaget, mellom anna allmenninga i Nordherad. Frå kommunen har dei nå fått tilskot på 45.000 til å skifte glas i hovudetasjen, for det må til, fortel han, og så får dei årleg kulturstøtte frå kommunen.


- Eitt av måla for grendalaget da det vart stifta var forskjellige samvær og aktivitetar for alle årsgrupper. Korleis har dette gått i løpet av dei 40 åra ?

Kai Valbjør tykkjer grendalaget har lykkast bra med dette, og han nemner at grendahuset har vore, og er brukt svært allsidig:

- Huset har vore nytta til dåpsfestar, bryllaup, fødselsdagar, familiekveldar, slåttefest og samlingar etter gravøl. I regi av grendalaget var det torsdagskafé i mange år, basarar og juledagsfest og kortspel. Det har vore arrangert mange ulike kurs her, og vi har både eit godt bakstrom og ein bra sløydsal her som både medlemmar og andre kan få bruke. Vi har også stått på for å få utbetra vegen til grenda vår. Med så få innbyggjarar i ei grend går mange personar att i ulike samanhengar. Det var stor stas da Stiggruppa fekk Vågå kommune sin kulturpris i 2009. Det ligg eigentleg under Nordheradsprosjektet, men grendahuset er ofte eit samlingspunkt for ulike aktivitetar i grenda vår, og måten grenda har teke vare på kulturlandskapet har hausta mange lovord frå både fjernt og nært. Huset har varmepumper og sentralfyring, og nå er det utskifting av ni store glas som står for tur. Huset er bra isolert. Vi har også teke del i 17.mai-toget i Vågåmo med fana vår i spissen.

Grendalaget er ein allsidig og oppegåande 40-åring, men skulle styreleiaren få ønskje seg noko måtte det vera at fleire unge engasjerte seg i grendalaget, både til glede og nytte for seg sjølve, og for fellesskapet i grenda.

Denne artikkelen ble publisert i avisa Norddalen 12/11-2022, og gjenngis her med tillatelse fra Norddalen.

All tekst og foto:  Kjell Nyhus

Sløydsalen er brukt til ulike kurs, men kan også leigast av andre som ikkje har snikkarverkstad heime.

 Foto: Kjell Nyhus

Midtli utleige.

Midtli kan leigast som selskapslokale, med fullt utstyrt kjøkken.

Dei har og eit baksterom med god plass som kan leigast.

 

Nordherad Grendalag

har nå kjørt i gang frukt og bærpressa på Midtli.

Til utleige for kr 50.- pr påb. time.

Kai Valbjør kan kontaktast for instruksjon fyrste gongen.



Ansvarleg for utleige:

Karin Margrethe Bakke.

Tlf. 99106349.