Om Nordherad.

-Ei aktiv grend.

Om Nordherad

På nordsida av Vågåvatnet ligg grenda Nordherad med eit aktivt lags-og dugnadsmiljø, utvald kulturlandskap, nytt bustadfelt og aukande folketal.


Kulturlandskapet i Nordherad har internasjonal verdi. Vegetasjonen i dei tørre ogkalkrike bakkene her er eineståande i Nord-Europa. Nordherad har også fleire spesielle kulturminne, blant anna ei intakt ulvegrav.Denne ligg i tilknyting til ein innhaldsrik natur- og kulturstig. Det er eit godt merka nett av familievennlige turstigar i heile grenda frå kommunesenteret Vågåmo til grensa mot nabokommunen Lom.

Aktuelle turmål kan vera setergrenda nørdre Nistingen eller det fråflytta og nyrestaurerte bygslingsbruket Flåten, som vitnar om den store arbeidsinnsatsen mange la ned for å brødfø seg og sine for nokre hundre år sidan. Ein kan også gå opp på den høgaste fjelltoppen i området, Skaihøa. Frå der skal ein kunne sjå sju prestegjeld, tre nasjonalparkar og mange ”bågåstøer”, ei fangstinnretning for villreinen, rundt toppen.


Det er mange gamle fine gardstun i Nordherad. Seks gardstun er freda, heilt eller delvis. Fleire gardar tilbyr gardsturisme. Sjå linkar til desse gardane.


Nordherad Grendalag eig og driv grendehuset Midtli. Grendalaget arrangerer mange sosiale aktivitetar året rundt. Saman med Jultuln 4H, har Grendalaget og Nordheradsprosjektet pynta opp den gamle festplassen og badeplassen Tjønnflaten.


Nordheradsprosjektet arbeider for å ta vare på kulturlandskap, kulturminne, kulturhistorie og trivsel i grenda, og for å få auka verdiskapinga basert på desse verdiane.


Klikk på bildene under.