|
Ønsker å samle inn e-post adresser
til Nordheringar, eller dei som er
inntresert i å fylge med på kva som skjer.
Sendes til:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
|
|
Sist oppdatert tirsdag 20. desember 2011 22:40 |
|
|
|
Sist oppdatert søndag 27. november 2011 20:08 |
|
Kulturpris til stiggruppa |
|
|
|
|
Vågå kommune sin kulturpris for 2009 går til Stiggruppa i Nordherad. Det er hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg som er juryen for prisen som kan delast ut kvart år. Stiggruppa får prisen for arbeidet dei har gjort med å rydde og merke stigar og lage til turkart i Nordherad. Utdelinga finn stad laurdagen under Vågådågå på utearrangementet ved kommunehuset ved høgstdag. Leiar i stiggruppa Asbjørn Visdal oppmodar alle Nordheringer og særleg alle dei som har vore med på dugnadar opp gjennom dei ti åra stiggruppa har arbeidd, til å vere til stades ved utdelinga. |
|
Sist oppdatert torsdag 15. juli 2010 10:20 |
|
Nordherad er eit av 20 utvalde kulturlandskap i Norge. Mange grunneigarar har meldt inn tiltak og får støtte. Det blir nye løyvingar frå Landbruks-departementet og Miljøverndepartementet i 2010. Også dei som ikkje har jordbrukseigedommar kan få støtte til tiltak.
Fylkesmannen i Oppland har eigen side med informasjon i samband med utvalde kulturlandskap. Der finn ein blant anna oversikt over tiltak som er under arbeid eller er planlagte. Sida om Nordherad som utvald kulturlandskap finn de her. |
|
Sist oppdatert søndag 22. august 2010 13:39 |
|
Ny informasjonsbrosjyre om Nordherad |
|
|
|
|
 I Nordherad er det omlag 100 husstandar. Gamle funn tyder på at det budde folk her alt for 5000 år sia. Framleis er det svært mange som får levebrødet sitt frå landbruket, og det er aktiv drift på dei fleste av gardane. Grenda har eit aktivt grendalag som steller til aktivitetar for store og små på den tidlegare skulen Midtli, eigd av grendalaget.
Nordheradsprosjektet er eit resultat av arbeidet i grendalaget, der formålet er å ta vare på kulturlandskapet og skape ny næring i grenda. Nordheradsprosjektet ynskjer gjennom denne brosjyren å gje deg som reisande i Nordherad, tips om gode opplevingar gjennom natur og kultur på tur gjennom Nordherad.
I brosjyren presenterer vi noko av det du kan oppleve langs vegen rundt Nordherad med bil, sykkel eller til fots. Nyt dagen og ta deg god tid. Nordherad inviterer til fred og ro. La tankane vandre medan du nyt utsikta, turen og menneska du møter.
Nordheradsguiden for 2009 er tospråkleg, og du kan du laste ned her. (6 MB) (NO/GB)
Velkomne til Nordherad! |
|
Sist oppdatert torsdag 15. juli 2010 10:23 |
|
|
|
|
|
|
Side 1 av 2 |