Framsida

-Ei aktiv grend.

             Velkome til årsmøte i Nordherad Grendalag.


Midtli Grendahus

måndag 4. mars 2024 kl. 19.00


1. Godkjenning av innkalling.

2. Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under protokollen.

3. Godkjenning av årsmelding.

4. Godkjenning av rekneskap.

5. Aktivitetsplan og budsjettframlegg.

6. Evt. Innkomne saker.

7. Val.

Styret for 2023 har vore slik samansett:


Kai Valbjør- leiar. På val som leiar for eitt år.

Karin Bakke- nestleiar. Ikkje på val.

Kristin A. Hagen- skrivar. På val

Mette R. Helle- kasserar. På val.

Asbjørn Visdal- styremedlem. Ikkje på val.

Vara:

Siri Aasen-på val.

Gunnar Vestad- ikkje på val.


Revisorar: Knut Råstad og Einar Hårstad. Båe på val kvart år

Valnemnd:

Guro Frydenlund.

Karin Th. Pedersen.

Asbjørn Visdal.


Årsmelding, rekneskap, budsjett og aktivitetsplan blir lagt ut på heimesida. Dette blir også delt ut i papirform på årsmøtet.

Om nokon ynskjer dette i papirform før årsmøtet, så gje beskjed

til Kai Valbjør. 90822989.

Eventuelle saker må vera styret i hende seinast mandag 26.februar.


Det blir enkel servering!


Helsing styret!!

Vel møtt!


Medlemskontingent

2024:


Familie   kr 400,-

Vaksne    kr 125.-

Barn       kr 60.-


Betalast inn til konto 2085.07.19676 innan 15. april

Hugs å skrive namn på den medlemskapet gjeld for!!!


PS:

Det er eit ynskje frå oss i styret å ha postadresse, e-postadresse og tlf.nr. til flest mogleg av medlemmane.

Det er difor fint om døkk kan gje beskjed om dette til Kai, enten på e-post: kaivalbjoer@gmail.com eller sms 90822989.


Helsing styret i

Nordherad Grendalag

Bærpresse på Midtli

Nordherad Grendalag


har nå kjørt i gang frukt og bærpressa på Midtli. Til utleige for kr 50.- pr påb. time.






Kai Valbjør kan kontaktast for instruksjon fyrste gongen.



          ****************

Ljåslått-kurs i Vågå


Nordheradsprosjektet vil i samarbeid med Nordherad grendalag, Vågå husflidslag, Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea ynskje velkome til kurs i ljåslått i vakre Vågå helga 14.-16.juli. Ta med eigen ljå viss du har,

ellers får du låne.

Kurslærar: Jo Kåre Bakke (14.-15.juli),

kjent heste-kar/hovslager.

Program:

Fredag 14.juli kl. 17 – 20 (ca.) på Klones (tidlegare landbruksskule, adresse Klonesbakken 10): Vedlikehald/tilpassing og kvessing av ljåane slik at dei er best mogleg til slåtten neste dag.


Laurdag 15.juli kl. 8– 18 (ca.) i Syhågå i Nordherad (Øvre Nordheradsvegen 940):

Her blir det kurs i ljåslått, og oppsett av ei hesje eller to i løpet av dagen. Dugurdspause med vassgraut og anna god mat, og slåttegraut (rømmegraut) om eftan.

Seinare på kvelden kan slåttefolket få vera med på eit lukka lag som Nordherad grendalag skal ha på Tjønnflaten, som er 3,5 km frå Syhågå. Ta med eigen grillmat og drikke.


Sundag 16.juli kl. 11.30 Møt opp ved «Bilkontoret» i Vågåmo

(ved sida avVågå Hotel)

Vi fyller opp privatbilar og køyrer til grenda Skårvangen for å sjå og høyre om brynsteins-brotet der. Guide er

Eirik Haugen frå Vågå historielag.


Kursavgift 500,- kr. Kursavgifta inkluderer også trakteringa i Syhågå og kaffe og kringle både på Klones fredag og i Skårvangen sundag.

Påmelding til Vågå husflidslag v/studieleiar Åse Flittie Anderssen på e-post ase.sandbu-gard@hotmail.com eller på sms til tlf. 90124347. Oppgje navn, addresse, tlf.nr, e-post-addresse viss du har, og fødselsår. Frist seinast 8.juli. NB! Maks. 10 deltakarar. Etter påmelding sender vi info om innbetaling av kursavgift og ev. meir om praktiske spørsmål.


Og kombinêr gjerne ljåslått-kurset med ein tur innom Ullinsvin. Her er det mykje å sjå på, sjekk www.ullinsvin.no Flotte og allsidige utstillingar, velstelt prestegardshage, kafê Edvard og ymse aktivitetar i hus og tun.


                 


                        Studieforbundet kultur og tradisjon gjev økonomisk støtte til kurset.

          Årsmøte

   i Nordherad Bygdealmenning.

Tysdag 30.mai på Midtil kl.19.30

Sakliste:

  1. Godkjenning av sakliste
  2. Årsmelding
  3. Rekneskap
  4. Granskogen i plantefeltet ved Vetleseter er hogstmoden. Styret legg fram planane. Det vil bli gjort årsmøtevedtak ang. hogst.
  5. Eventuelt.