Del på facebook

Bygdeallmenning

Heim På tur i Nordherad Ulvestigen kulturstig Ulvestigen


ulvegrav_rezUlvestigen er del av eit stort stignett som er rydda i grenda. Følger du dei raude pilane på skilta er du i kulturstigen. Langs stigen er det sett opp omlag 20 informasjonsskilt som fortel om naturen, om gamal busetnad og bruk av landskapet. I Ulvestigen er det tre rundar av ulik lengd.

Tala i parentes viser til utgangspunkt markert på turkartet.

Kort runde:

Frå parkeringsplassen for Ulvestigen (11) går stigen gjennom beitelandskap og over tre bruer før du kjem fram til ulvegrava. Du kjem ned til Sveinlykkja (13) og følgjer fylkesvegen denne attende. Tid ca 45 minutter.

Mellomlang runde:

Starten er som "kort runde", men i staden for å gå ned til Sveinlykkja held du fram mot vest forbi det nedlagte bruket Rustom, går ned Einarspranget og kjem ned i Grovdalen. Der tar du vegen mot aust og kjem fram til fylkesvegen ved Hågåranden(14).Tid ca 1.15

Lang runde

Du går som mellomlang runde til Grovdalen. Der tar den lange runden mot vest og kjem etterkvart utsikt_tassmyrhaugen_reztil Tassmyrhaugen ned til Grevrusten og tilbake Grevrustvegen og Hellfurubakken (eller ta Grevrustvegen heilt fram til fylkesvegen (15) og denne attende) Tid ca 3,5 timer

Kartet for Ulvestigen finn du her.

Aktivitetskalender

Tips oss

Send inn bileter,

tips og innspel eller
spørsmål til oss!


HUGS!

Medlemskontigent 2012

Les her:


Besøkjande

Vi har 2 gjester her nå