Turforslag
Turforslag Skriv ut E-post

Her vil vi legge ut forslag til turar du kan gå på eige hand eller saman med kjentmann i Nordherad. Du vil finne att stigene som er omtalt på turkartet. Men vi tilrår at du også tar med deg vanlig 1:50.000-kart om du ikkje er godt kjent. Dette området dekkes av kartet som heiter "Vågå".

Fleire turar kjem fortløpande-

God tur!

 
Langhustomta - Vidalshaugane Skriv ut E-post
Start ved parkeringsplassen på Valbjør (8)
Gå den gamle vegen på nedsida av fylkesvegen frå Klevahaugen til Visdal flott utsikt og ein fin liten tur aleine! Frå Visdal (10) går stigen slakt oppover langs gjerdet mot Visdalsjordene, innom Langhustomta og vidare mot fjellet. På Svarthåmåren tek du mot fjellet og attende mot aust, går forbi Visdalshaugane med flott utsikt og ned gjennom furuskogen på traktorveg til fylkesvegen og denne attende til parkeringsplassen.

 

 


 
Nistingane Skriv ut E-post
Dei to setergrendene Søre og Nørdre Nistingen kan ein nå frå mange utgangspunkt. Ein av dei finaste er å gå Hovdkinnråket, det gamle råket som Bergegardane brukte (og framleis bruker) for å ta med seg dyra til seters. Start ved Sveinlykkja(13) Gå til vegkryss ved Aabakksøygarden. Ta mot vest (prikka stig på kartet) Stigen går innunder det bratte stupet på Hovdkinn og kjem opp på snaufjellet og inn til Søre Nistingen. Turen tar omlag 1 time. Her kan du fortsette til Nørdre Nistingen eller innover i fjellet eller gå ein av dei andre stigane attende mot aust.

 

 


 


Det skjer i Nordherad

Medlemskontigent 2012

Les her:

 

Årsmøte: 7.mars kl 19.00

Vel Møtt!

 

Ski & Akedag: 11.mars

kl 11.00

 

Fest på Midtli i april

(dato ikke satt,

men 21. eller 28.)

 

Dugnad: 2.mai

kl 18.00

 

Sankthansfeiring: 23.juni

på Tjønnflaten



Send inn bileter,
tips og innspel eller
spørsmål til oss!



HUGS!
medlemskontigenten
for Nordherad grendalag

Besøkjande

Vi har 1 gjest her nå