Kulturlandskap
|
På sommaren kan du følgje dei merka råka eller gå dine eigne vegar etter kart og kompass. Vinterstid er Nordherad eit flott område for deg som likar å sette ditt eige spor i urøyvd snø. Det er også fint å bruke truger, og da er det og mogleg å gå i det brattaste terrenget. Kva med ein trugetur i nysnø og måneskinn, for eksempel. |
|
|
Det skjer i Nordherad
Medlemskontigent 2012
Årsmøte: 7.mars kl 19.00
Vel Møtt!
Ski & Akedag: 11.mars
kl 11.00
Fest på Midtli i april
(dato ikke satt,
men 21. eller 28.)
Dugnad: 2.mai
kl 18.00
Sankthansfeiring: 23.juni
på Tjønnflaten
Send inn bileter,
tips og innspel eller
spørsmål til oss!
HUGS!
medlemskontigenten
for Nordherad grendalag
Når du har stansa bilen i Nordherad og tatt på deg tursko ligg moglegheitene på rekke og rad. Du kan gå ein 20 minutts tur for å strekke på beina og få frisk luft, du kan gå fleire dagar innover i fjellet om du planlegg litt, men aller flest moglegheiter er det til å ta turar på frå ein times tid til ein dagstur med trivelig rast. Dei merka stigene i grenda går i eit fredelig område der du ikkje treng å gå i kø. Likevel er det heile tida kort veg ned til bilveg og buområda.
