Kulturlandskap
|
|
|
|
Nordherad vart i 2009 valt uit som eit av 20 utvalde kulturlandskap i Norge. (I 2010 kom to nye til.) Informasjon om Nasjonalt utvalde kulturlandskap finn du på sida til Fylkesmannen i Oppland.
Under finn du informasjon om aktiviteten i samband med at Nordherad er eit utvald kulturlandskap:
Fjorårspotten på 640.000 kr er disponert og fordelt på ulike tiltak, hovudsakleg til vøling av hus og tun (610.000) og litt til vøling av den gamle trebrua ved Åbakken. Dei tiltaka som ikkje fekk tilskot frå fjorårsmidlane, er med i årets søkjarrunde. Det er ikkje tildelt tilskot til enkelttiltak av årets tildeling på kr 1,2 mill. enda, men også i år er den aller største delen, 850.000, sett av til hus, 250.000 til areal og resten til andre tiltak.
BEITEGRUPPAPå eit ope møte på Midtli i vår vart det sett ned ei beitegruppe som skulle sjå på bruk og behov for beiteareal i Nordherad. Medlemmene er Jo Øien, Helge Ryen og Roar Sletten frå grenda og Per Ivar Weydahl og Kjell Hølmo frå landbrukskontoret. Gruppa har vurdert fleire tiltak for å auke beitebruken framover, men fann det ønskjeleg fyst å kartleggje korleis grunneigarane brukar beiteareala sine i dag og behov og ynskje for denne ressursen framover.LASERFOTOGRAFERINGEit par dagar fyrst i juli flaug eit helikopter att og fram over Nordherad. Det dreiv med ei såkalla "lidar-skanning", ei laserfotografering som kan avdekkje høgdeskilnader i terrenget større enn 10 cm. På denne måten kan ein finne kulturminne som tomter, gravhauger o.l. Vi reknar med å vise nokre førebelse resultat på Midtli i haust etter at ei ekspertgruppe og lokale kjentmenn har studert bilde og terreng.
|
| Sist oppdatert søndag 22. august 2010 13:41 |
Det skjer i Nordherad
Medlemskontigent 2012
Årsmøte: 7.mars kl 19.00
Vel Møtt!
Ski & Akedag: 11.mars
kl 11.00
Fest på Midtli i april
(dato ikke satt,
men 21. eller 28.)
Dugnad: 2.mai
kl 18.00
Sankthansfeiring: 23.juni
på Tjønnflaten
Send inn bileter,
tips og innspel eller
spørsmål til oss!
HUGS!
medlemskontigenten
for Nordherad grendalag




