Kulturlandskap
| Velkome åt Nordherad! |
|
|
Nordherad
Kulturlandskap
Nordherad er av regjeringa i 2009 valt ut som eit av 20 kulturlandskap i Norge som er særleg verdfulle og som skal få ei særskild forvaltning. Kulturlandskapet i Nordherad er forma gjennom mange års aktivt landbruk. Saman med naturtilhøva tørt klima, solvendt dalside og kalkrik grunn, har Nordherad fått eit landskap som ikkje berre er fint å sjå på, men som også inneheld mange sjeldne artar av planter, lav, sopp og insekt.
Nasjonalparkruta
Nasjonalparkriket er området rundt dei store nasjonalparkane Jotunheimen, Dovrefjell/Sunndalsfjella, Dovre, Rondane og Reinheimen; altså Nord-Gudbrandsdalen. Nasjonalparkruta er ein anbefalt biltur langs vegar som gir deg eit konsentrat av kva Nasjonalparkriket har å tilby. På stoppunkta er det informasjon om nærliggande nasjonalpark, Frå her kan du ta korte vandreturar langs tematiserte natur- og kulturstigar eller lengre turar til utvalde høgdepunkt. Kulturstigen i Nordherad, Ulvestigen, er eit av desse stoppunkta på nasjonalparkruta. Grenda
I Nordherad er det omlag 100 husstandar. Grenda strekker seg frå kommunesenteret Vågåmo til grensa mot Lom. Det har budd folk i grenda frå før vikingtid. Framleis er det svært mange som får levebrødet sitt frå landbruket, og det er aktiv drift på dei fleste av gardane. Grenda har eit aktivt grendalag som steller til aktivitet for store og små på den nedlagte skulen Midtli, som grendalaget har teke over. Det er også frå grendalaget at Nordheradprosjektet sprang ut. Formålet med Nordheradprosjektet er å ta vare på kulturlandskapet og skape ny næring i grenda.
|
Det skjer i Nordherad
Medlemskontigent 2012
Årsmøte: 7.mars kl 19.00
Vel Møtt!
Ski & Akedag: 11.mars
kl 11.00
Fest på Midtli i april
(dato ikke satt,
men 21. eller 28.)
Dugnad: 2.mai
kl 18.00
Sankthansfeiring: 23.juni
på Tjønnflaten
Send inn bileter,
tips og innspel eller
spørsmål til oss!
HUGS!
medlemskontigenten
for Nordherad grendalag



