Kulturlandskap
|
|
|
|
Artikkelen er henta frå årsskriftet til Vågå Historielag; Jutulen 2008, JUTULENAv Ola Grøsland Segnene om jutulen og Jutulporten er svært kjende, og dei var av dei P Chr Asbjørnsen samla og gav ut i "Huldre-Eventyr" fyrst i 1840-åra. Ivar Kleiven hadde òg med segnene i "Segner fraa Vaagaa", og seinare i "I gamle Daagaa". Jutulen i Prestberget er fyrste gongen omtala i Gerhard Schønings "Reise gjennom den nordlige Gudbrandsdalen i Aaret 1775". Der blir segna om da jutulen kasta etter kyrkjeklokkene referert. I nedskrifta til P Chr Asbjørnsen er jutulen framstilt slik: "Rett som han (Jehans Blessom) gikk, strauk det forbi en vågeværing i kvit kofte med taskelokk og knapper som sølvdalere. Det var en stor, svær mann. Han syntes han skulle kjenne han òg, men han gikk så fort". I "I gamle Daagaa" omtalar Ivar Kleiven jutulen på denne måten: " - fekk han sjaa att-i ein Norddøl fram-i Gatun", altså som ein vanleg mann. Ordet jutul og jøtul, på svensk jätte, dansk jætte, er det same som jotun i norrøn mytologi. Etter gudesegnene budde jotnane i Jotunheimen og låg i strid med gudar og menneske. Dei hadde kongsgardar, var store, sterke og kloke. Det var hos dei Odin stal skaldemjøden. Ordet har nok samanheng med verbet eta, altså nærmast ein storetar. Kjelder:
|
| Sist oppdatert tirsdag 13. juli 2010 11:48 |
Det skjer i Nordherad
Medlemskontigent 2012
Årsmøte: 7.mars kl 19.00
Vel Møtt!
Ski & Akedag: 11.mars
kl 11.00
Fest på Midtli i april
(dato ikke satt,
men 21. eller 28.)
Dugnad: 2.mai
kl 18.00
Sankthansfeiring: 23.juni
på Tjønnflaten
Send inn bileter,
tips og innspel eller
spørsmål til oss!
HUGS!
medlemskontigenten
for Nordherad grendalag




