Flåten
Stugu på Flåten oppe att PDF Skriv ut E-post

Stugu på Flåten har kome opp att i sommar, etter at den vart teke ned og sett i stand av "næmingane" på Hjerleid. Det har vore stor dugnadsaktivitet fleire dagar i sommar. Stugu er reist opp og taket er lagt på og delvis dekt med torv.

Nedanfor er det bilete frå dugnadene med store og små arbeidskarar i meir eller mindre aktivt arbeid.

Stugu på Flåten kjem med traktor

ung arbeidskraft på Flåten

Kvil etter lang arbeidsdag på FlåtenTorvlegging på gang på Flåten

Sist oppdatert søndag 12. september 2010 18:52
 
Flåten PDF Skriv ut E-post

I Nordherad vart det fyrst på 1800-talet bygd opp om lag 20 bruk i statsallmenninga, delvis midt i steinura. Desse bruka berga mange familiar gjennom ei trong tid. No er dei aller fleste av desse bruka fråflytta og står til nedfalls. Berre eitt av dei, Flåten, er i privat eige. Vågå Historielag fekk Flåten i gave fyrst på 80-talet og gjorde med ein gong eit stort arbeid for å redde stugu. Sidan har dessverre både hus og jordveg forfalle.

Historielaget har meir enn nok hus å halde i stand, og styret i laget såg seg om etter einkvan som kunne ta seg betre av Flåten. Styret i Nordheradsprosjektet sa seg interessert. Hausten 2005 skreiv derfor desse to laga under ei avtale som inneber at Nordheradsprosjektet overtek disposisjonsretten over bruket, medan Historielaget framleis er eigar.

Styret for Nordheradsprosjektet har sett seg som mål å restaurere Flåten attende til opphavleg stand. Det gjeld både hus og jordveg. Tanken er å bruke Flåten som ein samlingsplass i grenda, som ei ope ”sjølvstells-hytte” i tilknyting til turstigane i området. Flåten bør også kunne brukast i undervisningssamanheng.

Det er eit stort arbeid å restaurere Flåten. Styret for Nordheradsprosjektet har derfor sett ned ei arbeidsgruppe som skal styre det praktiske arbeidet. Jo Kåre Bakke er leiar for denne gruppa. Dei har førebels sett opp delmål som kan fullførast innafor ein 5-årsperiode. Mykje vil bli gjort med dugnad, men mykje må òg utførast av fagfolk.

Hittil har Flåtgruppa rydda jordet, vølt aurbua under stabburet og sikra taket over vasskjelda i Flåten. ”Næmingane” ved Senter for Bygdekultur  restaurerer stugu.

 

Sist oppdatert tirsdag 22. juni 2010 12:43
 


Det skjer i Nordherad

Medlemskontigent 2012

Les her:

 

Årsmøte: 7.mars kl 19.00

Vel Møtt!

 

Ski & Akedag: 11.mars

kl 11.00

 

Fest på Midtli i april

(dato ikke satt,

men 21. eller 28.)

 

Dugnad: 2.mai

kl 18.00

 

Sankthansfeiring: 23.juni

på Tjønnflaten



Send inn bileter,
tips og innspel eller
spørsmål til oss!



HUGS!
medlemskontigenten
for Nordherad grendalag

Besøkjande

Vi har 1 gjest her nå